Korleis påverkar asylmottaket lokalsamfunnet?
Erfaringa vår gjennom over 25 år med mottaksdrift er at dei positive historiene er langt fleire enn dei negative. Kommunane melder at mottaka fører til auka handel lokalt, skaper nye arbeidsplassar, bidreg til å halde innbyggartalet oppe, og til at det blir oppretta fleire lokale lag og foreiningar. I forskingsrapporten forskningsrapporten «Asylmottak og lokalsamfunn» frå 2010 kan du lese korleis asylmottak og kommunar opplever forholdet og samarbeidde seg i mellom. Sjå også fleire forskingsrapportar om asylmottak.
Viss kommunen ønskjer det, deltek UDI gjerne på eit informasjonsmøte når vi etablerer nye mottak, slik at naboar og andre interesserte kan stille oss spørsmål og få nyttig informasjon frå oss.