Desse tiltaka fekk tilskot til aktivitetar for barn i asylmottak


I 2025 mottok UDI 141 søknader og delte ut midlar på 16 381 000 kroner for å gi barn i asylmottak ein meir meiningsfull kvardag gjennom aktivitetstilbod.

Published: 18.11.2025

Tilskotsordninga skal bidra til at barn i asylmottak får ein meir meiningsfull kvardag gjennom organiserte aktivitetar, som er tilpassa barna sin alder, utviklingsmessig behov og interesser. Dette er tiltak som fysiske aktivitetar, kulturelle opplevingar, hobbyverksemder, utflukter og opplæring i praktiske ferdigheiter som kan kome til nytte i Noreg eller i heimlandet.

UDI prioriterer tiltak som

  • sikrar jamlege aktivitetar
  • gir barn i asylmottak moglegheita til å delta i aktivitetar saman med barn som bur i lokalmiljøet
  • gir struktur i hverdagen
  • gir oppleving av meistring
  • er knytt til lokale aktørar og foreiningar
  • har låge og forholdsmessige lønns- og administrasjonskostnader

I vurderinga blir det lagt vekt på tiltak der

  • organisasjonen og dei frivillige samarbeider godt og snakkar med dei mottaksansatte
  • organisasjonane involverer bebuarane i både planlegginga og gjennomføringa av aktivitetane

Les meir om søknadsprosessen

Slik har tilskuddsmidlene blitt tildelt

  • 2025

  • 2023

  • 2019

Did you find what you were looking for?