Kven kan få tilskot?
Frivillige organisasjonar, enkeltpersonar og verksemder som ikkje driv tiltak basert på forteneste kan få tilskot.
Offentlege etatar, kommunar, bedrifter, næringsdrivande eller driftsoperatørar for asylmottak kan ikkje få tilskot.
Kva kriterium blir søkjarar vurderte etter?
UDI legg vekt på tiltak som har størst høve til å bidra til å fremje assistert retur:
- Tiltak som i størst grad gjev måloppnåing vurdert opp mot storleiken på tilskotet
- Tiltak som rettar seg mot personar som ikkje bur i asylmottak
- Tiltak som er nyskapande
Sjå meir om tilskota på Lovdata i Forskrift om tilskot til tiltak for å nå personar utan lovleg opphald i Noreg med informasjon om assistert retur (eksternt nettsted).
Slik søker du om tilskot
- Skriv søknaden som eit brev og følgje søknadsmalen vår (pdf, 78 kB).
- Signer og merke søknaden med «Søknad om tilskot til retur- og tilbakevendingstiltak».
- Send søknaden til udi@udi.no eller per post.
Frist for å søke
Søknadsfristen er 1. desember 2025.
Har du spørsmål til søknaden?
Då kan du kontakte:
Moema S. Leite
E-post: mole@udi.no
Tlf: 48 30 17 01
Spørsmål til søknadene kan òg stillast til næraste regionskontor for prosjektet.