Kven vart utvist?


I 2015 fekk 6 400 personar eit vedtak om utvising. Det er 1 100 fleire enn i 2014 og det høgste talet nokon gong.

Å bli utvist er ikkje det same som å få avslag på søknaden. Utvisning er eit forbod mot å reise inn i Noreg, i ein tidsavgrensa periode eller for alltid. Det er to hovudårsaker til at personar blir utviste frå Noreg: brot på utlendingslova og brot på straffelova.

Utvising for brot på utlendingslova

3 900 personar vart utviste fordi dei hadde brote utlendingslova. Dette er til dømes personar som har opphalde seg i Noreg utan opphaldsløyve, eller som har brukt falsk identitet. Ein person som er utvist for å ha brote utlendingslova, må forlate landet, og i dei fleste tilfelle også Schengen-området, så lenge innreiseforbodet varer.

Personar frå Afghanistan var den største gruppa som vart utvist på grunn av brot på utlendingslova.

Figur: Utvisningsvedtak i 2015 på grunn av brot på utlendingslova, sju største land

Søylediagram som viser kor mange utvisningsvedtak for brot på utlendingslova som blei fatta i 2015 for dei 7 største landa. Afghanistan (414), Nigeria (402), Albania (264), Somalia (209), Irak (203), Pakistan (152), Eritrea (145)   

Utvising for straffbare forhold

Til saman 2 500 personar vart utviste på grunn av straffbare forhold.  Av desse kom 1 500 frå EU- og EØS-land, medan 1 000 var borgarar av land utanfor EU/EØS-området.

Frå EU/EØS-området var personar frå Romania, Polen og Litauen dei største gruppene, medan personar frå Nigeria og Albania var dei største gruppene frå land utanfor EU/EØS.

Figur: Utvisingsvedtak i 2015 på grunn av straffbare forhold, sju største land

Søylediagram som viser kor mange utvisningsvedtak som blei fatta på grunn av straffbare forhold i 2015 for dei 7 største landa. Romania (513), Polen (424), Litauen (309), Nigeria (132), Albania (87), Sverige (64), Afghanistan (62)

Figur: Utvisingsvedtak i 2015 etter statsborgarskap og grunnlag, sju største land

Stabla søylediagram som viser kor mange utvisningsvedtak vi fatta i 2015 for brot på utlendingslova og brot  på straffelova for dei sju største landa. (Nigeria:  utlendingslova (402), straffelova (132), Romania: utlendingslova (0), straffelova (513), Afghanistan: utlendingslova (414), straffelova (62), Polen: utlendingslova (0), straffelova (424), Albania: utlendingslova (264), straffelova (87), Litauen: utlendingslova (0), straffelova (309), Somalia: utlendingslova (209), straffelova (37)

Vurdering av innreiseforbodet

Eit innreiseforbod kan vere varig eller tidsavgrensa. Før UDI fattar eit vedtak om utvising, vurderer vi alltid kor alvorleg forholdet er opp mot kor inngripande innreiseforbodet vil vere for personen sjølv eller den næraste familien. Til dømes kan innreiseforbodet bli gjort tidsavgrensa, eller ein kan vedta at personen ikkje skal bli utvist, dersom han eller ho har barn i Noreg. 

 

Statistikktabeller

Alle årstalla for 2015

Would you like to help us improving the website?

Did you find what you were looking for?