Kven er dei nye statsborgarane?


12 300 innvandrarar vart norske statsborgarar i 2015, ein nedgang på 2 900 frå 2014.

Den største gruppa kom frå Eritrea, fylgt av Afghanistan og Irak. Dei siste åra har det vore langt fleire frå Asia og Afrika som har søkt om norsk statsborgarskap enn frå resten av verda.

Figur: Dei sju største opphavslanda til nye statsborgarar i 2015

Søylediagram som viser kor mange statsborgarskap dei sju største opphvaslanda hadde. Søylane er satt opp i senkande rekkefølgje frå venstre til høgre. Eritrea (1 113), Afghanistan (1 094), Irak (811), Pakistan (715), Filippinane (693), Thailand (670), Somalia (445), Russland (436)

 

 

Talet på nye norske statsborgarar frå Eritrea er nesten dobla samanlikna med  2014. For Afghanistan er talet 280 lågare enn i 2014, medan det for Irak er 570 lågare.

Kvifor kom dei til Noreg?

Halvparten av dei nye statsborgarane kom til Noreg på grunn av familieinnvandring. 28 prosent kom som asylsøkjarar.

Figur: Nye statsborgarar etter innvandringsgrunn, 2015

Kakediagram som viser fordelingen av grunnene til atdei som fekk norsk statsborgarskap  innvandra. Familie (50%), Flukt (28 %), Andre (11 %), Arbeid (6 %), Utdanning (5 %)

Kjønns- og aldersfordeling

Eit fleirtal av dei nye statsborgarane i 2015 var kvinner, og meir enn to tredelar var over 18 år.

Figur: Nye statsborgarar etter kjønn og alder, 2015

Søylediagram som viser kor mange nye statsborgarar som var kvinner: barn (1 623) og vaksne (4 988) og menn: barn (1 724) og vaksne (3 964).

 

Statistikktabeller

Alle årstalla for 2015

Would you like to help us improving the website?

Did you find what you were looking for?