Kven kom for å studere?


Talet på utanlandske studentar i Noreg har stabilisert seg dei siste åra. Både talet på studentar og kva land dei kjem frå, har endra seg ganske lite sidan 2011.

I 2014 registrerte 4 700 EØS-borgarar seg for å studere i Noreg. 3 700 personar frå land utanfor EØS-området fekk innvilga eit studieløyve.

Frå EØS-området var det flest studentar frå Tyskland, Frankrike og Spania, medan det frå land utanfor EØS-området kom flest frå Kina, USA og Russland. Talet på studentar frå Brasil dobla seg i 2014, og det kom nær like mange frå Brasil som frå Russland. Noreg prioriterer samarbeidet med Brasil høgt. Kunnskapssamarbeid er ein del av dette samarbeidet og det forklarar auken i talet på studentar frå Brasil.

Figur: EØS-registreringar, sju største land 2014

Tittel: EØS-registreringar, sju største land 2014  Figuren er et stolpediagram som viser de 7 nasjonalitetane med flest EØS-registreringar som student i 2014.  Landa er rangerte frå venstre mot høgre, i fallande rekkefølgje, frå flest til færrest.   Tyskland: 1 300  Frankrike:  740  Spania: 460  Italia: 400 Nederland: 280  Polen: 240  Tsjekkia: 190

Figur: Studieløyver (gjeld land utanfor EØS), sju største land 2014

Tittel: Studieløyver (gjeld land utanfor EØS), sju største land 2014  Figuren er et stolpediagram som viser dei 7 nasjonalitetane med flest studieløyver (utanfor EØS)i 2014.  Landa er rangerte frå venstre mot høgre, i fallande rekkefølgje, frå flest til færrest.   Kina: 520 USA: 300 Russland: 280 Brasil: 230 Nepal: 170 India: 140 Canada: 130

Se alle tallene

Did you find what you were looking for?