Tuberkulosetesting


  • Med ein gong ein au pair kjem til Noreg, må vertsfamilien sørgje for at ho får lovpålagd blodprøve og røntgenundersøking for tuberkulose.  
  • Undersøkinga må gjennomførast før au pairen byrjar å passe barna, så familien bør derfor bestille time for undersøking til ein av dei første dagane etter framkomsten. 
  • Au pairen må først møte opp for å ta blodprøve. Då vil ho få ei tilvising til røntgen og informasjon om kvar ho kan ta røntgenundersøkinga.
  • Vertsfamiliar som bur i Oslo kommune skal kontakte helsestasjonen i bydelen sin (eksternt nettsted). Vertsfamiliar som bur i Bærum kommune skal kontakte Folkehelsekontoret i Sandvika (eksternt nettsted) og vertsfamiliar som bur i Asker kommune skal kontakte Vaksinasjons- og smittevernkontoret i Asker (eksternt nettsted). Au pairar som bur i andre kommunar skal ta kontakt med smittevernkontoret til kommunen eller kommuneoverlegen
  • Personar frå Vest-Europa, Estland, Polen, Tsjekkia, Slovakia, Slovenia, Ungarn, USA, Canada, New Zealand, Australia, Belize, Surinam eller Japan treng ikkje testast for tuberkulose.