Har fått svar Har fått ja på søknad om au pair-løyve
Spørsmål og svar
-
Kan eg reise til Noreg?
Hvis du ikke allerede er i Norge når du får svar på søknaden din, kan du nå reise inn til Norge.
Først må du sjekke om du trenger et visum for å reise inn i Norge. Sjekk om du er blant dem som ikke trenger visum.
Du som ikke trenger visum
Du kan reise inn til Norge når som helst innen fristen som står i vedtaket ditt (vanligvis seks måneder).
Du som trenger et visum
- Visumet du skal ha kalles et innreisevisum.
- UDI vil gi ambassaden som har ansvar for saken din beskjed om at de skal gi deg dette visumet, du trenger ikke å søke om det.
- Søknadssenteret der du leverte søknaden eller ambassaden vil ta kontakt med deg for å avtale når du kan komme og hente visumet. Det vil ta opptil en uke før de tar kontakt med deg. Du vil hente visumet ditt samme sted som du leverte søknaden.
- På visumet vil det stå en frist for når du senest kan reise inn i Norge. Derfor må du gi beskjed til ambassaden om når du planlegger å reise, slik at visumet er gyldig når du trenger det.
-
Slik skaffer du oppholdskort hvis du søkte før 16. april 2021
Kva er eit opphaldskort?
Eit opphaldskort er eit plastkort i kredittkortformat som viser at du har opphaldsløyve i Noreg.
Korleis skaffar eg meg opphaldskort?
- Du må bestille time hos politiet på førehand for å ordne med opphaldskortet.
- Du kan bestille timen før du drar til Noreg.
- Timen må enten vere ein av dei fyrste sju dagane du er i Noreg, eller den fyrste ledige timen du finn.
- Du må møte opp hos politiet der du skal bu, til den timen du har bestilt.
- Dersom du er under 18 år, må du møte hos politiet saman med foreldre/føresette.
Bestilling av time på Min side
Viss du fylte ut og sendte søknaden din elektronisk, kan du no logge deg inn for å bestille timen (eksternt nettsted).
Bestilling av time på telefon
Viss du ikkje fylte ut elektronisk søknadsskjema da du søkte om opphaldsløyve, må du ringe ditt lokale politidistrikt for å bestille time. Du kan ikkje ringe UDI for å bestille time.
Kva skjer på timen hos politiet?
Politiet tar fingeravtrykka dine og fotograferer deg, og politiet bestiller opphaldskort til deg.
Kor lang tid tar det før eg får kortet?
Det vil ta minst 20 arbeidsdagar frå du var hos politiet, til du får kortet sendt til deg i posten. Sjekk at du står registrert med rett postadresse og at du har namnet ditt på postkassen, ellers vil ikkje kortet komme fram til deg. Dersom kortet kjem vekk i posten vil det ta minst ti arbeidsdagar til, før du får det nye.
Dersom du planlegg å reise utanlands bør du derfor passe på at du har god tid mellom oppmøtet hos politiet og den planlagde avreisedatoen.
-
Slik skaffar du opphaldskort viss du søkte 16. april 2021 eller seinare
Kva er eit opphaldskort?
Eit opphaldskort er eit plastkort i kredittkortformat som er beviset ditt på at du har opphaldsløyve i Noreg. Det er politiet som bestiller opphaldskort til deg.
Når du har levert søknad frå Noreg, kan det vere at du kan få opphaldskortet ditt utan å møte opp hos politiet på nytt. Viss det gjeld deg, sender politiet opphaldskortet til deg i posten. Det betyr at du ikkje treng å bestille time. Les under kven som må bestille time.
Kva må du passe på for å motta kortet i posten?
- Er du ny postmottakar i Noreg, fyll ut denne blanketten (eksternt nettsted, åpnes i nytt vindu), og lever han på eit postkontor eller Post i Butikk. Hugs å ta med legitimasjon.
- Sjekk at du står registrert med korrekt postadresse (eksternt nettsted) hos Posten, dersom du allereie er registrert som postmottakar. Sida krev innlogging med BankID eller MinID.
- Kontroller at du har namnet ditt på postkassa, viss ikkje vil ikkje kortet komme fram til deg. Viss kortet kjem bort i posten, vil det ta minst 20 arbeidsdagar til før du kan få eit nytt.
- Du bør ikkje bestille reiser til utlandet før du har fått det nye opphaldskortet.
Kven må bestille time for å få opphaldskort?
- Du som har søkt frå utlandet.
- Du som har eit norsk utlendingspass eller reisebevis for flyktningar som er utgått på dato, og som du ikkje allereie har gitt til politiet.
- Viss søknaden din blei levert av ein annan person med fullmakt, så må du sjølv bestille time hos politiet for å få opphaldskort.
- Viss du har søkt opphald etter brexit-regelverket, får du beskjed om å bestille time etter at søknaden din er ferdig behandla.
- Viss du har søkt om vern for første gang hos politiet, vil politiet innkalle deg til time. Du treng ikkje å bestille time sjølv.
Hos politiet må du ta bilde og gi fingeravtrykk.
Korleis bestille time?
Bestilling av time elektronisk
Viss du fylte ut og sendte søknaden din elektronisk, kan du nå logge deg inn for å bestille timen.
Bestilling av time på telefon
Viss du ikkje fylte ut elektronisk søknadsskjema da du søkte om opphaldsløyve, må du i staden ringe det lokale politidistriktet ditt for å bestille time. Du kan ikkje ringe UDI for å bestille time.
-
Korleis får eg registrert adressa mi i Noreg, får fødselsnummer eller d-nummer og skattekort?
Når du møter opp hos politiet for å bestilla opphaldskort, gir vi beskjed om at du er innvilga eit opphaldsløyve til skatteetaten. Skatteetaten avgjer om du skal få eit d-nummer eller fødselsnummer.
Omtrent to veker etter at du har vore hos politiet får du eit brev frå Skatteetaten med fødselsnummeret eller d-nummeret ditt.
Dersom du har fått ny adresse i Noreg etter at du leverte søknaden din, må du gi beskjed om kva den nye adressa di er når du møter hos politiet, slik at du blir registrert på riktig adresse i det norske folkeregisteret.
Dersom du har spørsmål om skattekort fordi du skal arbeide i Noreg, finn du informasjon på Skatteetatens nettsider om korleis utanlandske statsborgarar søkjer om skattekort (eksternt nettsted).
Dersom du har fått eit d-nummer når du skulle ha fått eit fødselsnummer, må du kontakta folkeregisteret (eksternt nettsted).
Registrere adresse
- Er du ny postmottakar i Noreg, fyll ut denne blanketten (eksternt nettsted, åpnes i nytt vindu) og lever den på eit postkontor eller Post i Butikk. Hugs å ta med legitimasjon.
- Sjekk at du står registrert med korrekt postadresse hos Posten (eksternt nettsted), dersom du allereie er registrert som postmottakar. Sidan krev innlogging med BankID eller MinID.
- Kontroller at du har namnet ditt på postkassa.
Viss du har fått ny adresse i Noreg etter at du leverte søknaden din, må du gi beskjed om kva den nye adressa din er når du er hos politiet, slik at du blir registrert på rett adresse i det norske folkeregisteret.
Fødselsnummer/d-nummer
Når du møter opp hos politiet for å bestille opphaldskort, gir vi beskjed om at du er innvilga eit opphaldsløyve til Skatteetaten. Skatteetaten avgjer om du skal få eit d-nummer eller fødselsnummer.
Omtrent to veker etter at du har vore hos politiet får du eit brev frå Skatteetaten med fødselsnummeret eller d-nummeret ditt
Viss du har fått eit d-nummer når du skulle ha fått eit fødselsnummer, må du kontakte Folkeregisteret (eksternt nettsted).
Skattekort
Viss du har spørsmål om skattekort fordi du skal arbeide i Noreg, finn du informasjon på Skatteetatens nettsider om korleis utanlandske statsborgarar søkjer om skattekort (eksternt nettsted).
-
Eg kom til Noreg nyleg fordi eg har fått opphaldsløyve, men har ikkje fått opphaldskortet mitt endå. Kan eg byrje som au pair no?
Viss du har fått opphaldsløyve som au pair og har booka time hos politiet for å bestille opphaldskort, kan du flytte inn hos vertsfamilien og starte som au pair no. Viss du har booka time for å bestille opphaldskort, kan du altså byrje som au pair mens du ventar på å få opphaldskortet.
-
Tuberkulosetesting
- Med ein gong ein au pair kjem til Noreg, må vertsfamilien sørgje for at ho får lovpålagd blodprøve og røntgenundersøking for tuberkulose.
- Undersøkinga må gjennomførast før au pairen byrjar å passe barna, så familien bør derfor bestille time for undersøking til ein av dei første dagane etter framkomsten.
- Au pairen må først møte opp for å ta blodprøve. Då vil ho få ei tilvising til røntgen og informasjon om kvar ho kan ta røntgenundersøkinga.
- Vertsfamiliar som bur i Oslo kommune skal kontakte helsestasjonen i bydelen sin (eksternt nettsted). Vertsfamiliar som bur i Bærum kommune skal kontakte Folkehelsekontoret i Sandvika (eksternt nettsted) og vertsfamiliar som bur i Asker kommune skal kontakte Vaksinasjons- og smittevernkontoret i Asker (eksternt nettsted). Au pairar som bur i andre kommunar skal ta kontakt med smittevernkontoret til kommunen eller kommuneoverlegen
- Personar frå Vest-Europa, Estland, Polen, Tsjekkia, Slovakia, Slovenia, Ungarn, USA, Canada, New Zealand, Australia, Belize, Surinam eller Japan treng ikkje testast for tuberkulose.
-
Reglar for arbeidstid
- Arbeidstida hos vertsfamilien din må normalt ikkje vere meir enn 5 timar per dag og maksimalt 30 timar per veke. Du kan ikkje arbeide meir enn 30 timar, sjølv ikkje mot ekstra betaling.
- Du kan ikkje arbeide for andre arbeidsgivarar eller hos andre familiar enn vertsfamilien din, verken mot betaling eller gratis.
-
Hva slags helsehjelp har jeg krav på?
Du har krav på ulike typar helsehjelp alt etter (eksternt nettsted) kva for situasjon du er i.
-
Kan eg reise til andre land mens eg bur i Noreg?
- Etter at du har komme til Noreg og har fått opphaldskortet ditt, kan du reise ut og inn av Noreg så lenge opphaldsløyvet varar.
- Du må ha med deg passet og opphaldskortet ditt når du skal reise.
- Du kan besøkje andre Schengenland i opptil 90 dagar.
- Du må bu i Noreg minst halvparten av tida du har opphaldsløyve. Dersom du har fått opphaldsløyve for eitt år, kan du ikkje opphalde deg i utlandet i meir enn seks månader til saman i løpet av dette året. Dersom du har fått opphaldsløyve for fleire år, kan du ikkje opphalde deg i utlandet i meir enn til saman 182 dagar i løpet av ein periode på 365 dagar. Dersom du gjer det kan du miste opphaldsløyvet ditt og måtte søkje om eit nytt opphaldsløyve.
-
Hugs å fornye opphaldsløyvet ditt
- I vedtaket ditt står det kor lenge opphaldsløyvet ditt gjeld og om han kan fornyast.
- Viss du ønskjer å halde fram med å bu i Noreg, må du hugse å fornye eller søkje om nytt opphaldsløyve 2-3 månader før opphaldsløyvet ditt går ut.
- Viss ikkje, kan du få problem med å reise ut og inn av Noreg og miste moglegheita til å jobbe i Noreg medan du ventar på nytt løyve.
-
Kan eg miste opphaldsløyvet mitt?
I nokre tilfelle kan du miste opphaldsløyvet ditt.
Å miste en oppholdstillatelse betyr at UDI bestemmer at oppholdstillatelsen ikke skal gjelde lengre. Det kan bety at du enten ikke får bo i Norge lenger, eller at du får en ny oppholdstillatelse og oppholdet i Norge begynner å telle på nytt.
Det kan vere ulike grunnar til at du mistar opphaldsløyvet ditt, for eksempel viss:
- du arbeider meir enn du har lov til hos vertsfamilien din
- du arbeider for andre familiar eller andre arbeidsgivarar
- du flyttar ut frå vertsfamilien din. ( Viss du skal byte vertsfamilie, må du søkje om fornying)
- du blir gravid og derfor sluttar å vere au pair
- UDI får vite at du har barn i heimlandet ditt
I nokre slike tilfelle kan du også bli utvist fra Noreg.
Her finn du meir informasjon om tilbakekalling av eit opphaldsløyve.
-
Kva må eg gjere viss eg sluttar å vere au pair?
- Viss du sluttar å vere au pair før opphaldsløyvet ditt har gått ut, må du vanlegvis reise tilbake til heimlandet ditt.
- Viss du ønskjer å bli i Noreg, må du med ein gong sjekke om du fyller krava til ein annan type opphaldsløyve, og søkje om dette. Du kan ikkje bli i Noreg fram til opphaldsløyvet ditt går ut viss du ikkje har søkt om nytt opphaldsløyve.
- Viss du skal byte vertsfamilie, må du søkje om fornying av opphaldsløyvet ditt.