Kva skjer med søknaden min medan eg ventar?


  1. Etter at du har levert alle søknadsdokumenta til ambassaden, vil ambassaden i løpet av 15 dagar vurdere om du kan få visum.
  2. Viss ambassaden er i tvil om du kan få visum, sender dei saka di til UDI.
  3. Så snart turen har komme til saka di, vil UDI vurdere søknaden og vanlegvis gjere eit vedtak innan 45 dagar etter at du leverte søknaden til VFS-søknadssenteret, ambassaden eller konsulatet.
  4. Når søknaden er behandla, vil du få beskjed frå ambassaden. Dersom du har gitt nokon fullmakt i saka di, er det denne personen som får beskjed og som må informere deg.