Personopplysningar på avvegar


Norske utlendingsstyresmakter har varsla tyrkarar som er råka, om at personopplysningane deira kan ha komme på avvegar.

Publisert: 22.11.2019

(Oppdatert 9. april 2021)

UDI og UNE varsla hausten 2019 i underkant av 15 personar som var utsette for risiko, etter at opplysningar om dei kan ha komme på avvegar. Seinare har utlendingsstyresmaktene varsla om lag 25 personar til, om det same. 50 personar til kan også vere ramma, men dei skal ikkje vere utsette for same risiko, og er derfor ikkje spesielt varsla.

Gjennom arrestasjonen av ein tyrkisk advokat i september 2019, kan tyrkiske styresmakter ha tileigna seg personopplysningar også om personar som har søkt om opphald i Noreg. Advokaten har hjelpt fleire europeiske land med å sjekke personopplysningar i utlendingssaker.

Arrestasjonen skal ikkje ha auka risikoen i vesentleg grad for dei dette gjeld, då dei personane som er mest råka, allereie har fått opphald i Noreg. Ingen råka tyrkiske statsborgarar har blitt returnerte etter at norske styresmakter blei kjende med dette.

Det at personopplysningar kan ha komme på avvegar, er svært beklageleg. Så lenge utlendingsstyresmaktene arbeider med rutinane for framtidig arbeid med å sjekke personopplysningar i utlandet, er dette verifiseringsarbeidet i Tyrkia sett på pause.

Datatilsynet blei varsla om hendinga hausten 2019 og kordan han er handtert så langt. Tilsynet hadde ikkje innvendingar til kordan dette avviket blei følgt opp.

Fant du det du lette etter?