På UDI sine nettsider har du høve til å ta kontakt med UDI via kontaktskjema og e-post.
Skjema og e-post blir sende via krypterte linjer.
UDI ber om at sendingar som inneheld sensitive opplysningar eller informasjon av privat karakter, ikkje blir sende via kontaktskjema eller e-post.
Alle e-postar som blir sende til UDI, er som hovudregel offentlege.
Vi fører ein offentleg journal over all utgåande og innkommande korrespondanse, der namn på sendaren og mottakaren, datoen på dokumentet og ei kort framstilling av innhaldet i dokumentet vanlegvis kjem fram.
Den som ønskjer det, kan be om innsyn i Utlendingsdirektoratets offentlege journal. Derfor bør du ikkje sende e-post til oss med informasjon som du ikkje ønskjer at skal bli allment kjend. Dersom dokumentet inneheld teiepliktige opplysningar, kjem ikkje desse fram i journalen, og dei vil bli strokne før det blir gitt innsyn i dokumentet.
Bruk av e-post har veikskapar med tanke på tryggleik. UDI ber om at sendingar som inneheld sensitive opplysningar eller informasjon av privat karakter, aldri blir sende via e-post. E-post bør først og fremst nyttast til enkle spørsmål.
Rettleiingstenesta har ein felles innboks for e-post der vi mottek førespurnader.
Alle e-postar som rettleiingstenesta har svart på, blir lagra i ein månad før dei blir sletta.
Ved meir kompliserte spørsmål som knyter seg til regelverk, blir førespurnaden send vidare til rett fagavdeling. Kopi av førespurnaden blir send til arkivet.
Påmeldingsskjema på www.udi.no blir nytta til ulike konferansar og seminar som UDI arrangerer.
Det er berre arrangør, nettredaktør og administrator som har tilgang til dei opplysningane du sender inn til UDI via påmeldingsskjemaet. Opplysningane blir berre nytta i samband med gjennomføring og dei blir sletta når arrangementet er avvikla.
UDI bruker informasjonskapslar («cookies») for å analysere det generelle brukarmønsteret på udi.no.
Informasjonskapslar er små tekstfiler som nettstaden lagrar på datamaskina til brukaren. Filene kan berre lesast av udi.no og brukaren sjølv, og blir nytta for eksempel for å sjå om brukaren har gjesta nettstaden tidlegare, tidspunktet for gjestinga og kva for nettstad brukaren kom frå.
UDI nyttar informasjonskapslar for å forbetre udi.no.
Du kan hindre at informasjonskapslar blir lagra på datamaskina, ved å endre innstillingane i nettlesaren.
UDI bruker analyseverktøyet Google Analytics for å samle og vurdere informasjon om korleis gjestande bruker nettstaden. Google Analytics bruker informasjonskapslar.
Som behandlingsansvarleg for udi.no er det UDI som avgjer kva for opplysningar Google kan innhente om bruken av nettstaden. Google Analytics mottek berre generell nettstatistikk, for eksempel nettlesartype, tidspunkt, språk og kva for nettside brukaren kom frå.
I tråd med personopplysningslova samlar UDI inn anonym besøksstatistikk som ikkje kan sporast tilbake til den enkelte brukaren. UDI kan (etter personvernforordningen) behandle opplysningar som er nødvendig for å kunne forbetre og vidareutvikle informasjonen på nettsidene våre.
Mottekne opplysningar er underlagde Googles retningslinjer for personvern (ekstern nettstad).
www.udi.no er utvikla i opne standardar. Dette sikrar at nettstaden blir presentert på riktig måte i alle nettlesarar som følgjer standardane.
www.udi.no er laga med desse teknologistandardane:
Det er viktig for oss å lage nettsider som er mest mogleg tilgjengelege og brukarvennlege.
Derfor følgjer vi blant anna krava i Web Accessibility Initiatives (ekstern nettstad) sine retningslinjer for tilgjenge og krav frå Direktoratet for forvaltning og IKT (ekstern nettstad) til offentlege nettstader.
Dette er gjort for å få betre tilgjenge:
Skriftstorleiken kan òg endrast ved å halde Ctrl-tasten (PC) eller Cmd-tasten (Mac) nede og trykkje på + (pluss) for å forstørre eller – (minus) for å forminske teksten.
Alle lenkjer og funksjonar er tilgjengelege ved at ein navigerer med TAB-tasten på tastaturet. Desse kjem i ei naturleg rekkjefølgje og er tydeleg markerte som aktive.
På www.udi.no har vi nytta standardar som gjer at du sjølv kan endre måten innhaldet blir vist på.
Innstillingane er tilgjengelege i nettlesaren din:
Innstillingane varierer i dei ulike nettlesarane.
Ein del innhald er publisert som pdf eller andre fil-format.
Vi bruker spesielle format der det kan vere føremålstenleg, og dersom det er krav til ei spesiell utforming (for eksempel skjema til utfylling).
Dei mest brukte pdf-ane skal vere universelt utforma. Vi kjenner likevel til at enkelte eldre filer ikkje er det, og det seier vi oss leie for.
For å kunne lese pdf-filer må du ha eit program som heiter Adobe Reader. Programmet er gratis, og du kan laste det ned frå Adobes nettstad.