Aldersundersøking av einslege mindreårige asylsøkjarar


Dersom UDI tvilar på at du som er einsleg mindreårig asylsøkjar, har meldt inn rett alder, får du tilbod om aldersundersøking.

Aldersundersøkinga har to delar, røntgenbilete av hand og av tenner.

Ein lege ser på desse bileta og vurderer kva som er den rette alderen din. Dersom du ikkje vil ta ei slik undersøking, kan det verke inn på om om du får positivt eller negativt svar på asylsøknaden.