Asylmottak (ulike typar)


I denne oversikta får du forklaring på dei ulike typane asylmottak.

Ankomstsenter

Ny ordning i 2015. Samordna registrering av asylsøkarar. Prosessen på ankomstsenter: 

  • Registrering hos politiet
  • Registrering i UDI sitt asylmottakssystem
  • Obligatorisk tuberkuloseundersøking og helseundersøking
  • Informasjon frå NOAS om kva som skjer vidare i asylprosessen

Etter nokre dagar vert asylsøkarane flytta vidare. 

Einslege mindreårige asylsøkarar under 15 år

Transittmottak

  • Eigne transittmottak for einslege mindreårige asylsøkarar mellom 15 og 18 år. 

Integreringsmottak 

  • Butilbod der bebuarane må forplikte seg til å følgje kommunen sitt kvalifiseringsprogram på heiltid. 
  • Integreringsmottak rettar seg mot vaksne og familier som har opphaldsløyve, eller som svært truleg kjem til å få opphaldsløyve. 

Ordinære mottak 

  • Asylsøkarar vert flytta til ordinære mottak etter asylintervjuet hos UDI.
  • Asylsøkarar bur i ordinære mottak medan søknaden deira vert handsama. 
  • Einslige mindreårige asylsøkarar mellom 15 og 18 år får tilbod om å bu i eigne mottak eller avdelingar som er tilpassa deira behov.

Tilrettelagde avdelingar

  • Tilbod som er tilpassa asylsøkarar med fysiske eller psykiske hjelpebehov. 
  • Hovudsakleg for asylsøkarar med psykiske plager, men som ikkje er så sjuke at dei treng psykiatrisk behandling. 
  • Det er frivillig å bu i ei tilrettelagd avdeling.