Avgrensa opphaldsløyve på grunn av tvil om identitet


Nokre personar som søkjer om vern (asyl) vil få eit avgrensa opphaldsløyve i Noreg på grunn av tvil om identitet eller manglande dokumentasjon på identitet.

Dersom du har fått eit avgrensa løyve, vil det stå «avgrensa mellombels opphaldsløyve» i overskrifta i vedtaket du har fått.

Kvifor gjev vi avgrensa opphaldsløyve?

Det er viktig for norske styresmakter å vite kven som er i landet. Derfor skal vi som hovudregel berre gi deg opphaldsløyve dersom du har lagt fram eit identitetsdokument for oss og vi ikkje har gode grunnar til å tvile på at du er den du seier du er.

I ein del saker meiner vi at det likevel er sterke grunnar til å gi opphaldsløyve. Det kan vere fordi det er særleg sterke menneskelege omsyn knytte til barns situasjon, eller på grunn av alvorlege helsemessige forhold. Då kan du få eit avgrensa løyve som gir deg sjansen til å dokumentere eller sannsynleggjere identiteten din i ettertid.

Kva betyr det at opphaldsløyvet er avgrensa?

Det at løyvet er avgrensa, inneber vanlegvis at 

  • du ikkje kan få permanent opphaldsløyve
  • du ikkje har rett til å gå på norskkurs gjennom introduksjonsordninga for nykomne flyktningar
  • familien din ikkje har rett til å komme og bu saman med deg i Noreg
  • du berre får løyve til å vere her for eitt år om gongen
  • du ikkje blir busett i ein kommune 

Norsk lov krev at du samarbeider med norske styresmakter og skaffar dei opplysningane vi ber om. I vedtaket står det kva vi krev av deg. Du kan få eit løyve utan avgrensingar når du har oppfylt krava vi stiller i vedtaket.

Kva må du gjere for å få oppheva avgrensingane?

For å få oppheva avgrensingane i løyvet må du søkje om fornying av opphaldsløyvet ditt og levere inn dokumentasjon på identiteten din. Det står i vedtaket ditt kva for identitetsdokument du må levere inn.

 

Fant du det du lette etter?