Dobbelt statsborgarskap


Frå og med 1. januar 2020, vil det bli tillate å ha fleire statsborgarskap i tillegg til det norske.

Kven kan ha dobbelt statsborgarskap?

Frå og med 1. januar 2020, vil det bli tillate å ha fleire statsborgarskap i tillegg til det norske.

For at du skal kunne ha dobbelt statsborgarskap, må òg det andre landet du er statsborgar av godta dette.

Du må alltid undersøkje om det landet du er statsborgar av òg godtar at du får dobbelt statsborgarskap, eller om du vil miste statsborgarskapet ditt automatisk viss du blir norsk. Dette må du spørje styresmaktene i dette landet om, til dømes via ein ambassade.

Kva vil det seie å ha dobbelt statsborgarskap?

  • Overfor den norske staten har du dei same rettane og pliktene som alle andre norske borgarar.
  • Du har rett til å ha to pass, eitt frå kvart land.
  • Du har i utgangspunktet krav på konsulær bistand og hjelp frå styresmaktene i begge landa. Det kan likevel vere vanskeleg for norske styresmakter å hjelpe deg dersom du oppheld deg i det landet der du har det andre statsborgarskapet ditt.
  • Som norsk borgar har du i utgangspunktet verneplikt (militærteneste) i Noreg, men reglane varierer etter kva for anna land du har statsborgarskap i. Dersom du har spørsmål om verneplikt/militærteneste, kan du kontakte Forsvaret (ekstern nettstad).

 

Vil du hjelpe oss med å forbetre nettsidene?

Fann du det du leita etter?