Einsleg mindreårig asylsøkjar


Du er ein einsleg mindreårig asylsøkjar dersom du er under 18 år, kjem til Noreg utan foreldre eller andre med foreldreansvar og søkjer vern (asyl) i Noreg.

Dersom du kjem du til Noreg som asylsøkjar og er under 18 år, får du ein representant (verje) hos politiet. Representanten er ein vaksen person som skal vere i foreldra sin stad og sikre rettane dine i Noreg, både juridisk og økonomisk.

Etter at du har vore hos politiet, kan det vere at du skal du ha ein samtale med ankomsteininga i UDI. Her får du ein del spørsmål vi treng svar på for å vite korleis vi skal behandle søknaden din. Vi kan òg be deg om samtykke til å gjennomføre ei aldersundersøking.

  • I løpet av søknadsprosessen skal du til asylintervju.
  • Når du flyttar, vil du vanlegvis få ein ny representant.
  • Er du under 18 år, får du alltid ein advokat som skal hjelpe deg. Advokaten følgjer deg vanlegvis gjennom heile prosessen.

Alderen din er avgjerande for kvar du skal bu mens du ventar på at søknaden din blir behandla:

Er du mellom 15 og 18 år, skal du bu i eit asylmottak for einslege mindreårige asylsøkjarar. Dette er spesielle asylmottak for ungdom.

Den alderen du opplyser til politiet, er den alderen vi går ut frå når vi avgjer kvar du skal bu. Om det etter ei aldersundersøking viser seg at alderen du sa til oss, ikkje er riktig, kan det få konsekvensar både for søknaden din og for kvar du kan bu.