Garantere økonomisk i familieinnvandringssaker


I nokre typar familieinnvandringssaker kan du vere økonomisk garantist. Det betyr at du tek på deg økonomisk ansvar for den personen som kjem til Noreg.

Dersom du

  • har eit stebarn som skal flytte til Noreg, eller
  • har ein svigerforelder som skal flytte til Noreg eller besøke Noreg i inntil ni månader

og ektefellen eller sambuaren din ikkje har nok inntekt, kan du garantere økonomisk i saka deira.

Kor mykje må du tene?  

Viss du skal vere garantist, må du ha ei samla inntekt på 

320 274 kroner i året før skatt

. Det må vere sannsynleg at du vil ha denne inntekta i minst eitt år framover. Seinare kan du bli beden om å dokumentere at du hadde denne inntekta det fyrste året familiemedlemmen din var i Noreg. 

Dersom du skal vere garantist er det ikkje mogleg å leggje saman inntekta di og inntekta til ektefellen eller sambuaren din for å fylle kravet til inntekt. Når du skal vere garantist, må du oppfylle kravet til inntekt aleine. 

Kva for type inntekt er godkjend?  

Vi reknar med desse typane inntekt: 

  • arbeidsinntekt 
  • sjukepengar, svangerskapspengar, foreldrepengar, uførepensjon eller alderspensjon frå folketrygda 
  • andre varige pensjonar eller faste periodiske bidrag (forsikringsutbetalingar eller liknande)  
  • introduksjonsstønad for nyankomne innvandrarar 
  • lån eller stipend du får i samband med utdanning  

Du som er garantist kan ha ein eller fleire av desse typane inntekt, så lenge dei til saman blir minst 

320 274 kroner i året før skatt

. For eksempel kan du ha ei uføretrygd på 210 000 kr i året og ei arbeidsinntekt på 120 000 kr i året.

Desse typane inntekt reknar vi ikkje med: 

  • økonomisk sosialhjelp 
  • bostønad 
  • dagpengar og arbeidsavklaringspengar 
  • stønader du får fordi du har barn 
  • eigne midlar (pengar på konto) 

 

Det er ikkje alltid mogleg å vere økonomisk garantist 

Det er ikkje mogleg for deg å garantere økonomisk i ei sak der nokon skal flytte til ektefellen sin, sambuaren sin eller forloveden sin i Noreg. Då er det ektefellen, sambuaren eller forloveden som bur i Noreg som sjølv må fylle kravet til inntekt.  

For å bli garantist må du fylle ut dette skjemaet. (pdf, 681 kB) Du treng ikkje stempel frå politiet på skjemaet.

Fant du det du lette etter?