Identitet


Når du søkjer om opphaldsløyve i Noreg, må du dokumentere identiteten din, altså kva du heiter, kor gammal du er, og kva land du kjem frå. 
  • Den beste måten å dokumentere identiteten din på er å leggje fram gyldig pass, reisedokument, fødselsattest og/eller andre dokument med bilete frå offentlege myndigheiter i heimlandet ditt.
  • Dersom UDI er i tvil om informasjonen i dokumenta dine er korrekt, kan det hende at norske myndigheiter vil undersøkje dokumenta ekstra nøye.
  • I enkelte tilfelle tek UDI kontakt med deg og ber om for eksempel DNA-testing, alderstesting eller intervju.

Hjelp oss med å forbetre nettsidene: Fann du det du leita etter?