Mellombels opphaldsløyve


Eit mellombels opphaldsløyve er eit opphaldsløyve som er gyldig i ein avgrensa periode, til dømes eitt eller tre år.

Alle som får eit opphaldsløyve i Noreg, vil først få eit mellombels opphaldsløyve, som har ein utløpsdato. Dette kan til dømes vere eit opphaldsløyve for vern (asyl), eit opphaldsløyve for arbeid, eit familieinnvandringsløyve, eit opphaldsløyve på humanitært grunnlag eller eit studieløyve. 

Først etter tre år i Noreg er det mogleg å søkje om eit permanent opphaldsløyve, som er gyldig på ubestemt tid.

Hjelp oss med å forbetre nettsidene: Fann du det du leita etter?