Permanent opphaldsløyve


Med permanent opphaldsløyve kan du opphalde deg og arbeide i Noreg på ubestemt tid. Du har også ekstra vern mot å bli utvist. Dette var tidlegare kalla busetjingsløyve. 

For å kunne søkje om permanent opphaldsløyve må du ha hatt opphaldsløyve i Noreg i minst tre år og fylle nokre andre krav.

Du som har permanent opphaldsløyve, får eit opphaldskort som er gyldig i to år om gongen. Dette er beviset ditt på at du har permanent opphaldsløyve. Tidlegare fekk personar med permanent opphaldsløyve ein etikett i passet sitt.