Reiseforsikring for deg som søkjer om besøksvisum


For å få besøksvisum må du ha ei gyldig reiseforsikring. 

Forsikringa

  • må dekkje nødvendig legebehandling og akutt sjukehusbehandling
  • må dekkje heimsending på grunn av sjukdom, skade eller død
  • må dekkje utgifter på minst 30 000 euro
  • skal vere gyldig i heile Schengenområdet
  • skal vere gyldig i heile den perioden du skal vere i Noreg eller Schengenområdet