Schengen/Schengenområdet


Schengenområdet består av 27 europeiske land. Mellom desse landa er det vanlegvis ikkje passkontroll. Dersom du har gyldig visum eller opphaldsløyve i eitt av desse landa, kan du også besøke dei andre landa.

Schengenområdet består av

Belgia, Danmark, Estland, Finland, Frankrike, Hellas, Island, Italia, Kroatia, Latvia, Liechtenstein, Litauen, Luxembourg, Malta, Nederland, Norge, Polen, Portugal, Slovakia, Slovenia, Spania, Sveits, Sverige, Tsjekkia, Tyskland, Ungarn og Østerrike.

Kryssing av grenser i Schengenområdet

  • Når du reiser inn og ut av Schengenområdet, må du vise passet ditt.
  • Dersom du er meld inn i Schengen informasjonssystem (SIS) vil du ikkje få lov til å reise inn i Schengen. Du kan ha blitt meld inn i SIS dersom du har blitt utvist frå Noreg eller eit anna Schengenland.

Med besøksvisum/Schengenvisum, er det viktig å hugse

  • Dersom du har gyldig besøksvisum i eitt av Schengenlanda, kan du også besøke dei andre landa.
  • På visumet står det kor mange gonger du kan reise ut og inn av Schengen (éin, to eller fleire gonger).
  • Dersom visumet ditt berre er gyldig for éi innreise, må du hugse at dersom du reiser ut av Schengen, for eksempel til Storbritannia, Irland, Russland eller Tyrkia, kan du ikkje reise inn i Schengen igjen utan å ha fått nytt visum. Det er derfor viktig at du i søknaden om besøksvisum, skriv kor mange gonger du skal reise ut og inn av Schengen i løpet av besøket.

Fant du det du lette etter?