Deltakar frå Norsk senter for utvekslingssamarbeid (Norec)

Krav til arbeidstakaren

Krav til arbeidsforholdet

  • Du må vere engasjert av ein norsk samarbeidspartnar til Norsk senter for utvekslingssamarbeid (Norec) (ekstern nettstad).
  • Du må ha eit konkret tilbod om heiltidsarbeid for éin arbeidsgivar.
  • Du må ha ein stad å bu.
  • Du må få lønn i samsvar med vedtektene til Norec. 
  • Lønna du får, må vere stor nok til at du klarer deg i Noreg, og du må ha ein stad å bu. Dersom du får låg lønn, må Norec dekke utgiftene dine til kost, losji og heimreise. 

Rettar og plikter

  • Dersom du skal byte stilling eller arbeidsgivar, må du søkje om nytt løyve.
  • Du kan få løyve for eitt år om gongen, maksimalt fire år til saman.
  • Tida du har dette opphaldsløyvet tel ikkje med dersom du seinare skal søkje om permanent opphaldsløyve. 
  • Ektemaken eller sambuaren din og barna dine kan vanlegvis søkje om å få bu saman med deg i Noreg. Dersom familiemedlemmane dine søkjer samtidig som deg vil de få svar på søknadene dykkar samtidig.