Besøkje Noreg utan visum


Du som ikkje treng visum for å besøkje Noreg, kan vere her i inntil 90 dagar. Det er og andre reglar du må følge. 

Denne sida har informasjon for dei som ikkje treng visum for å besøkje Noreg.

  • Du kan vere i Noreg og resten av Schengenområdet i inntil 90 dagar i løpet av ein periode på 180 dagar.
  • Du kan fordele dei 90 dagane på fleire besøk, og du kan fritt reise inn og ut av Noreg.
  • Dersom du har vore i Schengenområdet i løpet av dei siste 90 dagane, må du sjekke når det er mogleg for deg å reise inn igjen, og kor mange dagar du kan vere i Schengen. Bruk visumkalkulatoren for å sjekke dette (ec.europa.eu) (ekstern nettstad)
  • Dersom du har hatt opphaldsløyve i Noreg og dette har gått ut, må du reise ut av Noreg og Schengenområdet. Du kan deretter reise inn i Noreg igjen og vere her i inntil 90 dagar utan visum.  
  • Du må ha eit pass som er gyldig minst tre månadar lenger enn datoen du har planlagt å reise frå Noreg.
  • Vanlegvis må du ha tilgjengeleg 500 kroner for kvar dag du skal vere i Noreg. Dette kan du bli bedt om å dokumentere når du reiser inn i Schengen-området, til dømes ved å vise fram kontantar, kredittkort eller dokumentasjon på førehandsbetalt overnatting og transport. Dersom du skal bu hos familie eller venner, treng du ikkje å ha så mykje pengar. Eit alternativ er at den du besøkjer, garanterer for deg. Du treng ikkje få stempel fra ambassaden/konsulatet på garantiskjemaet.
  • Du må kunne reise tilbake til heimlandet ditt eller det landet du har opphaldsløyve i, når besøket er over.
  • Vanlegvis kan du ikkje jobbe i Noreg medan du er på besøk. Ønskjer du å jobbe, må du søkje om opphaldsløyve.

Vil du hjelpe oss med å forbetre nettsidene?

Fann du det du leita etter?