Endringar i krav til norskkunnskapar for å få norsk statsborgarskap


Stortinget har bestemt at kravet til evner i norsk munnleg blir heva til nivå B1 for å få norsk statsborgarskap. Endringane trer i kraft 1. oktober 2022. Ler meir om endringane som er vedtatt her.

Publisert: 30.10.2020 - Sist endra: 30.08.2022

Stortinget har bestemt at kravet til ferdigheiter i norsk munnleg for å få norsk statsborgarskap hevast til nivå B1, og det vil ikkje lenger vere krav om å ha gjennomført opplæring i norsk. Det kjem òg nokre endringar i kven som kan få unntak frå kravet om prøve i norsk munnleg og bestått statsborgarprøve.

Kravet om å bestå prøven i norsk munnleg på nivå B1 vil gjelde deg som leverer søknaden om statsborgarskap hos politiet 1. oktober eller seinare. Viss du leverte søknaden din før det, er det framleis kravet om å bestå prøven på nivå A2 som er gjeldande.

Viss du registrerer søknaden 24. september eller seinare, kan du ikkje rekne med å få time for oppmøte hos politiet før 1. oktober 2022.

Viss du har registrert og sendt inn søknaden din i søknadsportalen før 24. september 2022, men det ikkje er mogleg å levere søknaden hos politiet før 1. oktober 2022, vurderer vi søknaden som at du søkte før 1. oktober 2022. Då er det krava om å bestå prøven på nivå A2 som gjeld.

Krava som gjeld for deg som søkjer etter 1. oktober 2022:

  • Bestått prøve i norsk munnleg på minimum nivå B1, eller
  • Bestått prøve i norsk munnleg på minimum nivå A2 viss du:
    • er statsløs, eller
    • er over 55 år og kom til Noreg på bakgrunn av søknad om vern eller som overføringsflyktning, eller
    • er over 55 år og mottar uføretrygd, og
  • Bestått statsborgarprøven eller samfunnskunnskapsprøven på norsk

Krava som gjeld for deg som har søkt før 1. oktober 2022:

  • Bestått prøve i norsk munnleg på minimum nivå A2, og
  • Bestått statsborgarprøven eller samfunnskunnskapsprøven på norsk
  • Viss UDI ikkje har behandla søknaden din innan 1. oktober 2022, vil ikkje lenger kravet til å ha gjennomført norskopplæring eller pliktig opplæring i norsk og samfunnskunnskap etter introduksjonslova for å få statsborgarskap gjelde for deg.

Frå og med 1. oktober kan du få unntak frå prøven i norsk munnleg viss du har:

  • gått på skule i Noreg og kan dokumentere at du har:
    • standpunktkarakter eller eksamenskarakter i norsk eller samisk (minimum karakteren 2) frå grunnskulen, eller
    • halvårsvurdering, standpunktkarakter eller eksamenskarakter i norsk eller samisk (minimum karakteren 2) frå vidaregåande skule, eller
    • kompetansebevis som viser at du har gjennomført modul 1 i modulstrukturert fag- og yrkesopplæring (MFY) og at modulen er godkjent.
  • gjennomført studiar i norsk eller samisk på universitets- eller høgskulenivå i Noreg, eller i utlandet, tilsvarande 30 studiepoeng.
  •  oppfylt inntakskravet for studiar på norsk eller samisk ved universitet eller høgskule i Noreg. Du har oppfylt inntakskravet viss du har:
    • bestått Test i norsk - Høgare nivå (Bergenstesten), munnleg og skriftleg prøve. Viss du har tatt den skriftlege testen før hausten 2009, må du ha minst 450 poeng. Har du tatt den munnlege testen før hausten 2009, må du ha minst 500 poeng.
    • bestått Trinn 3-eksamen frå universitetet
    • bestått eksamen i norsk munnleg og skriftleg VG3 (tidlegare kalla VK2) 
    • fylt 25 år og fått godkjent realkompetansevurdering i faget norsk på VG3-nivå 
    • fått tilbod om studieplass i eit studium der undervisningsspråket hovudsakleg er norsk ved universitet/høgskule i Noreg 
    • gjennomført eit studium der undervisningsspråket var norsk.
  • helsemessige årsaker eller personlege føresetnader som gjer at du ikkje kan bestå prøven på nivå B1.
  • fått vedtak om fritak frå plikta til opplæring i norsk og/eller prøve i munnleg norsk frå kommunen. Viss du har nytta registreringsordninga for EU/EØS-borgarar, eller fekk første opphaldsløyve som dannar grunnlag for permanent opphaldsløyve før 1 september 2005, er du ikkje omfatta av introduksjonslova eller integreringslova og kan ikkje få vedtak om fritak.

Frå og med 1. oktober kan du få unntak frå statsborgarprøven viss du har:

  • gått på skule i Noreg og kan dokumentere at du har:
    • standpunktkarakter eller eksamenskarakter i samfunnsfag (minimum karakteren 2) frå grunnskulen, eller
    • halvårsvurdering, standpunktkarakter eller eksamenskarakter i samfunnskunnskap (minimum karakteren 2) frå vidaregåande skule, eller
    • kompetansebevis som viser at du har gjennomført modul 1 i modulstrukturert fag- og yrkesopplæring (MFY) og at modulen er godkjent.
    • studert samfunnsfag som gir kunnskap om Noreg på universitets- eller høgskulenivå tilsvarande minimum 10 studiepoeng. Studiane må dekke dei emna som inngår i Læreplan i samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar. (pdf, 499 kB)
  • gjennomført studiar på norsk eller samisk på universitets- eller høgskulenivå i Noreg. Du må dokumentere at du har vekttal eller studiepoeng frå studie på norsk eller samisk.
  • helsemessige eller personlege føresetnader som gjer at du ikkje har moglegheit til å bestå prøven, eller det er andre tungtvegande årsaker til at du ikkje kan bestå prøven.
  • fått vedtak om fritak frå plikta til opplæring i samfunnskunnskap og/eller prøve i samfunnskunnskap frå kommunen. Viss du har nytta registreringsordninga for EU/EØS-borgarar, eller fekk første opphaldsløyve som dannar grunnlag for permanent opphaldsløyve før 1. september 2005, er du ikkje omfatta av introduksjonslova eller integreringslova og kan ikkje få vedtak om fritak.

Viss du på grunn av helsemessige årsaker, andre tungtvegande årsaker eller personlege føresetnader som du ikkje har kontroll over, ikkje kan bestå prøvane, må du be om unntak frå kravet. 

Viss du på grunn av slike årsaker ikkje har moglegheit til å ta prøven i norsk munnleg på nivå B1, må du bestå prøven på nivå A2, eller dokumentere at det er tungtvegande årsaker som gjer at du ikkje kan ta prøven eller bestå han på nivå A2.

Meir informasjon om unntaka og kva dokumentasjon du må levere viss du ønsker å be om unntak frå krava er tilgjengeleg her. UDI vil vurdere dokumentasjonen du har levert og om du kan få unntak samtidig med at vi vurderer søknaden din om statsborgarskap.

Vil du hjelpe oss med å forbetre nettsidene?

Fann du det du leita etter?