Fjernarbeid i Noreg


Viss du skal utføre fjernarbeid i Noreg, må du ha eit opphaldsløyve som gir deg rett til å drive fjernarbeid i Noreg.

Publisert: 23.09.2022

Alle utlendingar som skal arbeide i Noreg som ikkje er EU/EØS-borgarar må ha eit opphaldsløyve som gir deg rett til å arbeide i Noreg. Dette gjeld òg for fjernarbeid. 

Fjernarbeid er når du jobbar frå eit hotell, ein heim eller liknande for ein norsk eller utanlandsk arbeidsgivar. Dette gjeld òg dersom du er næringsdrivande i Noreg eller utlandet.  

Det betyr til dømes at du ikkje kan jobbe for arbeidsgivaren din i heimlandet medan du er i Noreg på besøk eller ferie. Dette gjeld uavhengig av om du er på visumfritt eller visumpliktig besøk.  

Du kan berre utføre fjernarbeid når du er i Noreg viss du har eit opphaldsløyve som gir deg rett til å utføre fjernarbeid. Det finst ikkje eit eige opphaldsløyve for å utføre fjernarbeid når du er i Noreg. For å utføre fjernarbeid under opphaldet ditt her, må du ha eit anna opphaldsløyve som gir deg rett til dette. Dette kan til dømes vere: 

  • opphaldsløyve for familieinnvandring  
  • permanent opphaldsløyve  
  • opphaldsløyve for arbeid der fjernarbeid er ein del av jobben din

Vil du hjelpe oss med å forbetre nettsidene?

Fann du det du leita etter?