Informasjon til søkarar som er i Dublin-prosedyre


Viss du har vore i eit europeisk land som er med i Dublin-samarbeidet, vil asylsaka vere i Dublin-prosedyre.

Publisert: 23.09.2022

Informasjon på arabisk (pdf, 312 kB)

Informasjon på farsi (pdf, 256 kB)

Informasjon på fransk (pdf, 102 kB)

Informasjon på russisk (pdf, 178 kB)

Informasjon på tigrinja (pdf, 82 kB)

Informasjon på pashto (pdf, 341 kB)

Informasjon på dari (pdf, 251 kB)

Er eg i Dublin-prosedyre?

Når du har vore i eit europeisk land som er med i Dublin-samarbeidet, vil asylsaka vere i Dublin-prosedyre. Då vil du enten få beskjed om det når du registrerer deg hos politiet eller du vil få eit brev om det frå oss. 

Når får eg vite kva land som skal behandle søknaden om asyl?

Viss du er i Dublin-prosedyre, vil vi bruke omtrent 4 månader på å avgjere kva land som skal behandle søknaden om asyl. Nokre saker kan òg ta lengre tid.

Kvar skal eg bu?

Viss saka di er i Dublin-prosedyre, skal du som oftast bu i transittmottak. Viss du blir flytta til eit ordinært mottak, er det fordi vi må bruke meir tid på å finne ut kva land som har ansvar for asylsaka di.

Vil du hjelpe oss med å forbetre nettsidene?

Fann du det du leita etter?