Publisert: 30.10.2020
- Sist endra: 01.12.2021
Endringa vil tidlegast gjelde for søknader som er fremma hausten 2022 eller seinare. Vi vil oppdatere informasjonen om dei nye krava når det er klart kva for tidspunkt endringane skal gjelde frå.
Kva krav kjem?
- Kravet til kunnskapar i norsk munnleg blir heva frå nivå A2 til nivå B1 for rett til statsborgarskap etter søknad
- Det skal ikkje lenger stillast krav om å gjennomføre norskopplæring eller gjennomføre pliktig opplæring i norsk og samfunnskunnskap etter introduksjonslova for å få statsborgarskap
- Det kan gjerast unntak frå krav om prøve i norsk munnleg for søkarar som på grunn av personleg føresetnader som vedkommande ikkje rår over eller helsemessige årsaker, ikkje har moglegheit til å nå nivå B1 i norsk munnleg
Det vil framleis vere krav om å ha bestått statsborgarprøven.
Her finn du meir informasjon om lovforslaget hos regeringa (ekstern nettstad).