Eg har opphaldsløyve som grensearbeidar etter brexit-regelverket. No ønskjer eg å flytte til Noreg. Kan eg det?
Ja. Både du og eventuell familie kan då søkje om midlertidig opphaldsløyve etter brexit-regelverket for dei som bur i Noreg. Du finn lenkje til søknadskjema her. Du kan sjå bort frå informasjonen om at du må ha vore busett i Noreg tidlegare, og du treng heller ikkje grunngi korfor søknaden kjem for seint.
Har du sambuar eller ektefelle der relasjonen ikkje var etablert før 31. desember 2020, må sambuaren eller ektefellen din søkje midlertidig opphaldsløyve etter vanlege norske reglar.