Eg trur ikkje eg fyller vilkåra for permanent opphaldsløyve. Skal eg søkje nytt midlertidig løyve?


Dersom du er usikker på om du fyller vilkåra for permanent opphaldsløyve, tilrår vi at du søkjer om det likevel slik at UDI kan vurdere om vilkåra er oppfylte. Viss vilkåra for permanent opphaldsløyve ikkje er oppfylte – men du fyller vilkåra for nytt midlertidig løyve – vil vi innvilge eit nytt midlertidig løyve.