Eg er britisk borgar og ønskjer å besøkje Noreg. Må eg søkje om besøksvisum for å reise til Noreg no?
Nei. Britiske borgarar kan reise inn og opphalde seg i Noreg og resten av Schengenområdet utan visum. Du kan opphalde deg på Schengenområdet i inntil 90 dagar i løpet av alle periodar på 180 dagar. Viss du treng å opphalde deg lengre enn 90 dagar, må du søkje om eit opphaldsløyve.
Merk at så lenge Noreg har innreiserestriksjonar på grunn av koronasituasjonen, så vil britiske borgarar som bur i Storbritannia høyre inn under regelverket som gjeld for borgarar utanfor EU/EØS, som er busett i eit land utanfor EU/EØS, frå og med 1. januar 2021.
Dersom du er ein britisk borgar som er busett i eit EU/EØS-land (ikkje Storbritannia), er det reglane for borgarar som bur i eit EU/EØS-land som gjeld for deg.