Eg har opphaldsrett i Noreg, men ikkje fått svar på brexit-søknaden min. Når eg skal reise til utlandet, korleis kan eg dokumentere at eg har rett til opphald så eg får reise inn igjen etter 1 januar 2022?


For å vise at du har opphaldsrett i Noreg kan du ta med kvitteringa på at du har søkt om eit brexit-løyve. Du fekk ei slik kvittering då du sende inn søknaden din digitalt. I tillegg kan du ta med registreringsbeviset du fekk av politiet då du registrerte deg som EU/EØS-borgar. Viss du har familiemedlemmer i Noreg som ikkje er britiske borgarar, skal dei ta med det opphaldskortet dei har fått av politiet.

Viss du ikkje har tilgang på registreringsbeviset ditt, eller kom til Noreg før registreringsordninga kom på plass, kan du ta med deg ein bustadsattest frå skatteetaten for å vise at du er busett i Noreg. Du kan bestille bustadsattest frå skatteetaten via Altinn (eksternt nettsted). Merk at det tek nokre dagar å få denne tilsendt, så bestill den i god tid.