Må eg møte opp hos politiet når eg skal søkje?


Nei. Søkjer du opphaldsløyve etter brexit-regelverket skal du ikkje møte opp hos politiet når du søkjer. Du fyller ut søknad på nett, og får ein e-post frå politiet med beskjed om å laste opp dokument. Saka di blir då behandla av politiet eller send til UDI.

Når søknaden din er innvilga, vil du få ein automatisk beskjed om å bestille time hos politiet for å gi fingeravtrykk og bli teke bilde av, slik at det kan bli utferda opphaldskort. Du bestiller time på Min Side.