Bestille nytt opphaldskort
Type bestilling | Gebyr |
---|---|
Viss det gamle kortet ditt har gått ut | 300,- |
Viss du har mista kortet ditt, eller det har vorte stole eller øydelagt | 300,- |
Viss du skal endre namnet ditt, eller annan informasjon, på kortet | 300,- |
Viss du tidlegare hadde etikett i passet ditt, og no skal ha ditt første kort | 300,- |
Viss du har permanent opphaldsløyve og det gamle kortet ditt framleis er gyldig | 0,- |
Viss du har varig opphaldsrett og det gamle kortet ditt framleis er gyldig | 0,- |
Viss du fekk tilsendt eit kort som var øydelagt eller innehalde feil | 0,- |
NB! Når du møter opp hos politiet for å ta bilde til nytt kort må du alltid levere det gamle kortet, viss ikkje må du betale eit gebyr på 300 kr.