Familieinnvandring
Type søknad |
Gebyr |
---|---|
Førstegongs søknad om familieinnvandring for vaksne |
11 900,- |
Førstegongs søknad for vaksne om familiegjenforening med ein flyktning som har midlertidig opphaldsløyve |
7 800,- |
Søknader frå barn under 18 år | 0,- |
Fornying familieinnvandring for vaksne (viss du søkjer før det førre løyvet ditt har gått ut) |
4 400,- |
Fornying av familieinnvandring for vaksne (viss du søkjer etter at det førre løyvet ditt har gått ut) |
11 900,- |
Søknad for vaksne som allereie har familieinnvandringsløyve og søkjer etter ein annan regel for familieinnvandringsløyve før det førre løyvet har gått ut (har til dømes familieinnvandringsløyve med trulova, og har gifta seg) |
4 400,- |
Søknad for vaksne som allereie har familieinnvandringsløyve og søkjer etter ein annan regel for familieinnvandringsløyve etter at det førre løyvet har gått ut (har til dømes familieinnvandringsløyve med trulova, og har gifta seg) |
11 900,- |
Søknad for vaksne som allereie har opphaldsløyve på eit anna rettsleg grunnlag og søkjer familieinnvandringsløyve på nytt rettsleg grunnlag (har til dømes opphaldsløyve på grunnlag av studier, og søkjer familieinnvandringsløyve) |
11 900,- |
Forelder som skal besøkje barn i Noreg i inntil ni månader | 11 900,- |
Personar som hadde norsk mor eller far da dei blei fødde | 5 400,- |
Nære familiemedlemmar til ein EU/EØS-borgar, som søkjer om opphaldskort | 0,- |
Personar som søkjer om fortsatt opphaldsløyve på sjølvstendig grunnlag etter at ektefelle eller sambuar døydde | 0,- |
Personar som søkjer om fortsatt opphaldsløyve på sjølvstendig grunnlag etter at dei har blitt mishandla i samlivet | 0,- |
Gebyr viss du leverer søknaden på eit søknadssenter
Viss du leverer søknaden din ved eit søknadssenter som tek imot søknaden på vegner av ambassaden, må du betale eit ekstra servicegebyr. Dette gebyret kjem i tillegg til det vanlege søknadsgebyret.
Viss søknadssenteret skal sende søknaden din til ein ambassade i eit anna land, må du i tillegg betale eit kurer-gebyr. Ta kontakt med søknadssenteret for informasjon om dette gebyret.
Gebyr viss du leverer søknaden på ambassaden til eit anna land enn Noreg
Noreg har inngått avtalar med andre Schengenland (i hovudsak Danmark og Sverige) om at enkelte av utanriksstasjonane deira skal ta imot søknader om visum og opphaldsløyve (som gir rett til å arbeide med mindre noko anna er presisert i vedtaket) til Noreg. I slike tilfelle gjeld gebyrsatsane til det landa som representerer oss.
Dersom du er visumpliktig og har fått opphaldsløyve eller løyve til å søkje om opphaldsløyve etter framkomst til Noreg, må du få utskrive eit innreisevisum i passet ditt. Dette blir gjort som hovudregel av den norske ambassaden i det landa du oppheld deg.
Dersom du oppheld deg i eit land utan norsk ambassade, er det mogleg du må betale for at passet skal sendast til ambassaden, enten direkte av deg sjølv eller via eit konsulat eller ein ekstern tenesteytar. Kontakt den aktuelle ambassaden for informasjon om korleis du skal gå fram.