Ein invitasjon er eit brev skrive av den du skal besøke. Dette leverer du inn saman med dei andre søknadsdokumenta dine.
Nokre ambassadar har eit eige invitasjonsskjema. Dette finn du i ambassaden sin sjekkliste. Dersom ambassaden har eit slikt skjema, kan den du skal besøke fylle ut dette skjemaet i staden for å skrive eit brev.
Dersom den som inviterer også stiller økonomisk garanti, bør også det stå i invitasjonen.
All relevant informasjon registrerast og lagrast i den aktuelle saka i Visa Information System (VIS) i samsvar med gjeldande regelverk og Utlendingsdirektoratets (UDIs) personvernerklæring. Dette gjeld også informasjon om deg som inviterer og/eller sponsor, samt om deg sjølv om du ikkje er søkjar eller sponsor i ei visumsak, men likevel er knytt til ei slik sak som privatperson eller verksemd.