Kan eg søkje på nytt?
- Sjølv om du tidlegare har fått avslag på søknaden din, kan du søkje på nytt viss du meiner at du oppfyller krava no. Sjå oversikta vår over kva du kan søkje om og informasjon om korleis du søkjer og kvar du må levere søknaden.
- Sjølv om du har fått avslag på søknad om til dømes familieinnvandring, kan det likevel hende at du oppfyller krava til ein annan type opphaldsløyve, til dømes for studiar eller arbeid. Sjå oversikta vår over kva du kan søkje om og informasjon om korleis du søkjer og kvar du må levere søknaden.