Sponsor som privatperson for familie eller venner


Viss den som skal besøkje deg ikkje har nok pengar sjølv, kan du vere økonomisk sponsor for den besøkjande og/eller la vedkommande bu hos deg. For å kunne vere økonomisk sponsor, må du fylle ut eit sponsorskjema. Det kom eit nytt sponsorskjema 1.februar 2022. Sponsorskjemaet erstattar UDIs garantiskjema for besøk.

Viss du skal vere økonomisk sponsor for meir enn éin person så må du sende eit eige sponsorskjema om kvar person som skal besøkje deg.

Slik sponsar du ein visumsøkjar

  1. Du må fylle ut eit sponsorskjema. Vel om du vil ha sponsorskjema på bokmål (pdf, 988 kB) eller sponsorskjema på nynorsk (pdf, 233 kB)
  2. Du må sende ferdig utfylt og signert skjema til den som skal besøkje deg. Skjemaet må vere signert for hand. Du kan sende skjemaet til den som skal besøkje deg i posten eller du kan sende det som e-post. 
  3. Den som skal søkje visum for å komme på besøk må levere sponsorskjemaet saman med dei andre søknadsdokumenta sine på ambassaden eller søknadssenteret. Dersom søkjaren får ja på søknaden om visum må vedkommande ta med seg sponsorskjemaet ved innreise til Noreg.

Merk! Sponsorskjemaet kan berre brukast for éin innreise til Schengenområdet. Viss søkjaren får eit visum som er gyldig for fleire innreiser, må du fylle ut eit nytt sponsorskjema for kvart besøk.

Slik sponsar du ein visumfri borgar

  1. Du må fylle ut eit sponsorskjema. Vel om du vil ha sponsorskjema på bokmål (pdf, 988 kB) eller sponsorskjema på nynorsk (pdf, 233 kB).
  2. Du må sende ferdig utfylt og signert skjema til den som skal besøkje deg. Skjemaet må vere signert for hand. Du kan sende skjemaet til den som skal besøkje deg i posten eller du kan sende det som e-post. Den som skal besøkje deg må ta med seg sponsorskjemaet når han eller ho reiser.

Merk! Sponsorskjemaet kan berre brukast for éin innreise til Schengenområdet. Viss den som skal besøkje deg planlegg å besøkje deg fleire gangar, må du fylla ut eit nytt sponsorskjema for kvart besøk.

Krav til deg som skal vere sponsor

  • Du må bu i Noreg.
  • Du må oppgi personnummeret ditt i sponsorskjemaet.

Kva betyr det å vere sponsor?

Å vere økonomisk sponsor er ikkje det same som å garantere at den som kjem på besøk reiser ut av Noreg når besøket er over. Det er ikkje mogleg for deg som skal få besøk å stille den typen garanti. Det er utlendingsmyndighetene som vurderer om det er sannsynleg at den som har søkt om visum vil reise tilbake når besøket er over, ut frå kor mykje dei har som knyttar han eller ho til heimlandet sitt.