Du må ha pengar til opphaldet ditt i Noreg og til heimreisa. Du må kunne dokumentere at du har tilstrekkelege midlar til opphaldet ditt i Noreg og Schengen-området. Dersom du kan dokumentere dette, treng du ikkje sponsorskjema. Dette kan dokumenterast ved å legge fram kontoutskrift.
Om midlane blir rekna som tilstrekkelege, blir vurdert individuelt i kvar enkelt sak. Følgjande beløp er rettleiande utgangspunkt for kva som blir rekna som eit tilstrekkeleg minimum:
Det vil ikkje vere nokon fordelar ved å legge fram eit sponsorskjema dersom du har tilstrekkeleg med pengar. Ved å legge fram overskotsdokumentasjon i søknaden vil du i staden auka behandlingstida di fordi vi må gå igjennom fleire dokument.