Slik går du fram som privatperson (familie og venner)


For å kunne vere økonomisk sponsor, må du fylle ut eit sponsorskjema. Viss du skal vere sponsor for meir enn ein person, må du sende eit eige sponsorskjema om kvar person som skal besøkje deg.

Krav til deg som skal vere sponsor

  • Du må bo i Noreg.
  • Du må ha fødselsnummer.
  • Du må vere over 18 år

Slik sponsar du ein visumsøkjar

  1. Du må fylle ut eit elektronisk sponsorskjema.
  2. Du må sende koden på fire ord videre til personen som skal besøke deg.
  3. Søker må fylle ut søknad om besøksvisum og oppgi sponsorkoden på fire ord.
  4. Søker må skrive ut en kopi av det elektroniske sponsorskjemaet og levere dette sammen med de andre søknadsdokumentene sine på utenriksstasjonen eller søknadssenteret.
Gå til sponsorskjema

Alternativt kan du nytte papirløysinga. Vel om du vil ha sponsorskjema på bokmål (pdf, 988 kB) eller sponsorskjema på nynorsk (pdf, 233 kB). Da må du påberekne litt lengre saksbehandlingstid. 

  1. Du må sende ferdig utfylt og signert skjema til den som skal besøkje deg. Skjemaet må vere signert for hand. Du kan sende skjemaet til den som skal besøkje deg via e-post eller post. 
  2. Den som skal søkje visum for å kome på besøk må levere sponsorskjemaet saman med dei andre søknadsdokumenta sine på utanriksstasjonen eller søknadssenteret.
  3. Dersom søkjaren får ja på søknaden om visum må vedkommande ta med seg sponsorskjemaet ved innreise til Noreg.

Merk! Sponsorskjemaet kan berre brukast for éin (1) innreise til Schengenområdet. Viss søkjaren får eit visum som er gyldig for fleire innreiser, må du fylle ut eit nytt sponsorskjema for kvart besøk.