Rett til innsyn i personopplysningar i VIS
Du kan spørje om kva personopplysningar vi har registrert om deg i VIS. Du har også rett til å få vite kva Schengenland som har skaffa eller registrert opplysningane.
For å be om innsyn, kan du fylle ut og sende inn dette skjemaet:
request-for-access-to-information-in-vis.pdf (pdf, 591 kB) (berre på engelsk)
Send skjemaet saman med ein kopi av gyldig ID (for eksempel pass) til UDI med post eller e-post:
Utlendingsdirektoratet
Postboks 2098 Vika
0125 Oslo
E-post: visumservice@udi.no
Det er gratis å be om innsyn.
Regelverk:
Personvernforordninga artikkel 15 (eksternt nettsted)