Offshore-arbeidar


NB! Nokre personar treng ikkje opphaldsløyve for å jobbe offshore  

Dette gjeld deg dersom du fyller desse krava

  • Du skal arbeide på ei norsk eller utanlandsk flyttbar innretning på den norske kontinentalsokkelen.
  • Innretninga kan ikkje vere i ein fast produksjonsfase eller knytt til ei fast plattform.
  • Arbeidsgivaren din må melde frå til politiet før du reiser inn i Noreg, og du må melde deg hos politiet seinast éi veke etter at du har reist inn i Schengenområdet, før du begynner å jobbe. Du må kontakte politiet (politiet.no) (eksternt nettsted) for å få informasjon om korleis du skal gå fram for å levere meldinga.
  • Reiser du ut av Noreg, kan du berre reise inn igjen dersom den samla opphaldstida di i Schengenlanda ikkje overstig 90 dagar i løpet av ein periode på seks månader.