Deltakar frå Norsk senter for utvekslingssamarbeid (Norec)
Ikke alt innholdet på denne siden finnes på norsk.
- Du må vere engasjert av ein norsk samarbeidspartnar til Norsk senter for utvekslingssamarbeid (Norec) (eksternt nettsted).
- Du må ha eit konkret tilbod om heiltidsarbeid for éin arbeidsgivar.
- Du må ha ein stad å bu.
- Du må få lønn i samsvar med vedtektene til Norec.
- Lønna du får, må vere stor nok til at du klarer deg i Noreg, og du må ha ein stad å bu. Dersom du får låg lønn, må Norec dekke utgiftene dine til kost, losji og heimreise.
Rettar og plikter
- Dersom du skal byte stilling eller arbeidsgivar, må du søkje om nytt løyve.
- Du kan få løyve for eitt år om gongen, maksimalt fire år til saman.
- Tida du har dette opphaldsløyvet tel ikkje med dersom du seinare skal søkje om permanent opphaldsløyve.
- Ektemaken eller sambuaren din og barna dine kan vanlegvis søkje om å få bu saman med deg i Noreg. Dersom familiemedlemmane dine søkjer samtidig som deg vil de få svar på søknadene dykkar samtidig.