Årsrapport 2013 Kven kom som einslege mindreårige asylsøkjarar?


I 2013 kom det 1 070 asylsøkjarar som opplyste at dei var einslege mindreårige. Det er 10 prosent fleire enn året før.

Einslege mindreårige asylsøkjarar er personer under 18 år som kommer til Noreg for å søke asyl, og som ikkje har følgje av foreldre eller andre med foreldreansvar.

Personane som opplyste at dei var einslege mindreårige asylsøkjarar, kom frå 53 forskjellige land. Tre av ti personer i denne gruppa kom frå Somalia, og fire av ti frå enten Afghanistan eller Eritrea. Åtte av ti var gutar. 

Mens det for Afghanistan var ein klar nedgang frå 2012 til 2013 var det for Somalia og Eritrea ein klar auke. I 2013 kom den største gruppa einslege mindreårige frå Somalia. I 2012 kom den største gruppa frå Afghanistan.

Figur: Einslege mindreårige asylsøkjarar, sju største land

Einslege mindreårige asylsøkjarar 7 største land 2013 

 

Fant du det du lette etter?