Utlendingsdirektoratet (UDI) følgjer regelverket for offentlege innkjøp når vi etablerer nye asylmottak. Det inneber at vi lyser ut drifta av mottak gjennom offentlege anbodskonkurransar på Doffin (Database for offentlege innkjøp). Vi inngår rammeavtalar med ulike driftsoperatørar, og når det er behov for nye mottak gjennomfører vi ein minikonkurranse mellom dei vi har avtale med.
UDI lyser ut rammeavtalar for å drifte asylmottak på tre ulike nivå. Dette skal til saman vareta dei skriftande behova vi har for mottaksplassar:
Når det oppstår eit behov for fleire mottaksplassar på nivå 1 eller 2, har UDI ein minikonkurranse blant leverandørane som har rammeavtale med oss. På bakgrunn av denne minikonkurransen, inngår vi kontrakt om drift av asylmottak.
Sentrale moment i vurderinga av tilboda er bygningsmasse, pris, plassering og kvalitet. Kva vekt dei ulike kriteria får, er avhengig av kva for eit av nivåa konkurransen blir lyst ut på og av dei behova vi ser ved kvar konkurranse. Vektlegginga vil komme frami utlysinga på Doffin.
UDI skal, så langt det er mogleg, inngå kontrakt med både kommunar, ideelle organisasjonar og private føretak som driftsoperatørar, og ønskje at asylmottaka er plasserte over heile landet.
Når UDI har behov for fleire mottaksplassar raskt, vil vi ha ein minikonkurranse på rammeavtalane for akuttinnkvartering.
| Asylmottak på gamle kontraktar
UDI har framleis nokon avtalar med mottak på gamle kontraktar. Regelverket for asylmottak på gamle kontraktar vil framleis komme fram av retningslinjer på udiregelverk (eksternt nettsted). |