Mottak og retur


Mottak og retur har ansvaret for å sikre at asylsøkjarar har ein stad å bu, gjennom å etablere og følgje opp asylmottak i Noreg. Vi skal sikre at asylsøkjarar blir varetekne på ein respektfull og god måte og leggje til rette for rask integrering eller rask retur. Vi følgjer opp drifta av Nasjonalt Ankomstsenter, transittmottak, akuttmottak og mottak for einslege mindreårige asylsøkjarar. I tillegg har vi ansvar for ein del tenester til dei som bur i asylmottaka, som ytingar, logistikk mellom mottak, oppfølging av spesielle behov og ordninga for assistert retur til heimlandet.

Regionkontora har ansvar for etablering og oppfølging av asylmottaka. Vi samarbeider med mottak, leverandørar, kommunar, statsforvaltarar, lokale helsestyresmakter, barnevern og politi.

Regiondirektøren i Midt-Noreg (Trøndelag og Møre og Romsdal) har eit særleg ansvar for mottaksanskaffingar og driftskontraktar, og dessutan å sikra lik kontraktsoppfølging på tvers av regionane.

Regiondirektøren i Vest (Vestland og Rogaland) har ansvar for asylmottak for søkjarar med tilretteleggingsbehov, og eit strategisk, operativt og fagleg ansvar for rask busetjing og integrering.

Regiondirektøren i Nord (Nordland, Troms og Finnmark) har et særlig ansvar for beredskap og et strategisk og faglig ansvar for økonomiske ytelser til beboere i mottak.

Regiondirektøren i Nord (Nordland, Troms og Finnmark) har eit særleg ansvar for beredskap og eit strategisk og fagleg ansvar for økonomiske ytingar til bebuarar i mottak.

Regiondirektøren i Sør (Agder, Telemark og Vestfold) har eit strategisk og fagleg ansvar for å sikra lik praksis i alle mottaka i Noreg. Regionen har også eit ansvar for utvikling av dei digitale systema våre, dialogen med frivillige organisasjonar og valdsførebyggjande tiltak i mottak.

Regiondirektører

Her finn du ei oversikt over regionsdirektørane.