Seksuell og reproduktiv helse
Please note that not all the content on this page is available in English.
Amathea (eksternt nettsted) har, på oppdrag frå Helsedirektoratet og i samarbeid med UDI og fleire, laga ein undervisningspakke om seksuell og reproduktiv helse (eksternt nettsted). Denne er laga for å brukast på asylmottak og i arbeidet i kommunen med nykommen innvandrarar.
Graviditet, fødsel og barseltid
For informasjon om rettar og helsetenester før og etter fødsel, sjå eige kapittel om oppfølging av gravide i rettleiaren om helsetenestetilbodet til asylsøkjarar, flyktningar og familiegjenforeina hos Helsedirektoratet (eksternt nettsted).
Helsedirektoratet har også utvikla ein eigen brosjyre til gravide som er tilgjengeleg på mange språk (eksternt nettsted). Denne brosjyren tek for seg både svangerskapet, fødselen og barseltida.