Eg kom til Noreg nyleg, men har ikkje fått opphaldskort enno. Kan eg byrje å arbeide?


Dersom du har fått eit opphaldsløyve som gir deg rett til å arbeide, kan du byrje å arbeide når du har møtt hos politiet og politiet har bestilt opphaldskort til deg.

Det kan vere lange ventetider hos politiet for å bestille opphaldskort. Sjølv om du ikkje har fått opphaldskort endå, kan du byrje å studere eller arbeid no viss du har fått eit opphaldsløyve som gir deg rett til å studere eller arbeid, og du har booka time hos politiet for å bestille opphaldskort. Dette vil ikkje få nokon konsekvensar for deg.

Dersom det ikkje er mogleg å booke time hos politiet, må du ta kontakt med UDI på telefon eller e-post for å melde frå om at du er i Noreg og at du startar å studere eller arbeide. Du må likevel møte hos politiet for å bestille opphaldskort når dette blir mogleg.