Ny nettside til barn som søkjer asyl


I dag lanserer vi den nye nettsida med informasjon til barn som søkjer om asyl i Noreg, asylbarn.no. Nettsida skal gi informasjon i eit språk barna forstår, og er resultat av eit samarbeid mellom Utlendingsnemnda, Politiets utlendingseining og UDI.

Publisert: 31.01.2019

Barn utgjer ein stor del av dei som søkjer om asyl i Noreg. I 2018 var litt over 40 prosent av asylsøkjarane til Noreg, barn. 

– Det er tre ulike etatar som har ansvar for asylprosessen. Vi har sett eit stort behov hos barna for å få samla informasjonane på éin stad, fortel prosjektleiar i asylavdelinga, Line Zahl Kvakland.

UDI har mellom anna fått god hjelp av barn som sjølv har vore gjennom asylprosessen, til å gjere informasjonen best mogleg.

Nettsida finn du her: asylbarn.no (eksternt nettsted)

 

 

Fant du det du lette etter?