Viss du har eit mellombels opphaldsløyve kan UDI bestemme at opphaldsløyvet ditt ikkje skal gjelde lenger. Det kan bety at du enten ikkje får bu i Noreg lengre, eller at du får eit nytt opphaldsløyve og opphaldet i Noreg byrjar å telje på nytt.
Viss du mistar opphaldsløyvet ditt, mistar du òg dei norske reisedokumenta dine.
Viss vi treng meir informasjon i saka di kan politiet eller UDI kalle deg inn til eit intervju.
Viss UDI meiner at du skal miste opphaldsløyvet ditt får du eit førehandsvarsel frå UDI der vi ber deg om å forklare ditt syn på saka. Du kan få hjelp av ein advokat til å skrive svaret og utgiftene til advokat blir dekt.
Viss du får eit førehandsvarsel eller vedtak om tilbakekall, har du rett til å få utgiftene til advokat dekte. Du må kontakte advokat sjølv. Sjå døme på korleis her. (eksternt nettsted)
Dersom du vil sjå dokumenta i saka di, må du be om innsyn i saka di her.
Viss du har gitt urette opplysningar i saka di kan UDI bestemme at du skal miste opphaldsløyvet ditt. Opplysningane må ha vore viktige for saka di for at UDI skal ha lov til å bestemme at du skal miste løyvet ditt.
UDI kan òg bestemme at du skal miste opphaldsløyvet ditt viss du har utelate å gi oss opplysningar som var viktige for saka di.
UDI kan bestemme at du skal miste opphaldsløyvet ditt viss du har gitt oss feil opplysningar om identiteten din.
UDI kan bestemme at du skal miste opphaldsløyvet ditt viss du har gitt oss feil opplysningar om asylgrunnlaget ditt.
Det betyr at du mistar både flyktningstatusen din og det mellombelse opphaldsløyvet.
UDI kan bestemme at du skal miste flyktningstatusen din og opphaldsløyvet ditt viss du har besøkt eller har flytta tilbake til heimlandet ditt.
UDI kan bestemme at du skal miste flyktningstatusen din og opphaldsløyvet ditt viss du har vorte statsborgar i eit anna land.
UDI kan bestemme at du skal miste flyktningstatusen din og opphaldsløyvet ditt viss situasjonen i heimlandet ditt har endra seg. Dette kallast nokon gonger «opphøyr».
UDI kan bestemme at du skal miste flyktningstatusen din og opphaldsløyvet ditt viss du har gjort kriminelle handlingar i Noreg.
Viss UDI bestemmer at du skal miste opphaldsløyvet ditt, får du eit vedtak frå UDI. I vedtaket står det kvifor UDI kallar tilbake opphaldsløyvet ditt.
Du kan klage på vedtaket om tilbakekall. Sjå https://www.udi.no/ord-og-begreper/klage-pa-et-vedtak/#link-1009
Viss du får eit førehandsvarsel eller vedtak om tilbakekall, har du rett til å få utgiftene til advokat dekte. Du må kontakte advokat sjølv. Sjå døme på korleis her. (eksternt nettsted)
Dersom du vil sjå dokumenta i saka di, må du be om innsyn i saka di her.
UDI vurderer om du kan få eit nytt løyve, til dømes dersom:
Viss du ikkje får nytt løyve, må du reise frå Noreg. Det står i vedtaket ditt om du må reise frå Noreg, og kva som er fristen for å reise frå Noreg.